gen_434.1.gif HeimOm ossFotoalbumKalendarMedlemsinfoAvtalerReisebrevNytt og nyttigMorosidee-mail me
gen_344.1.gif
gen_343.1.gif

Norkapp 2008


Nordkapp 2008

 

Per Johan, Keir og Even tok av frå Førde morgonen 31.juli etter venting på eit forsinka dekkskift. Målet var Nordkapp.

Vi tok ein liten omveg om Måløy for å få sett litt av opptakten på Tall Ships' Races 2008.
Turen gjekk difor først til Oldeide for så å ta ferje til Måløy. Fra fjorden fekk vi god utsikt til båtane som då låg i hamna.


 

 

 

 

 

 

 

 

Då det var parkeringsrestriksjonar i Måløy for vi, etter å ha blitt jaga frå dei plassane vi fant, vidare nordover. Første overnatting vart i lavvo i Molde.

Ruta vidare var lagt i ytre Sunnmøre for deretter  å følge E39 mot Trondheim og vidare svinge mot Sverige og Finland.

Det vart lavvo overnatting i Sverige og deretter ei natt i Torneå, Finland. Denne natta var det nede i 2 grader og for deltakarar med "sommarsoverpose" vart det ei kald natt.

Sidan vi først var så langt nord ville vi få med Kirkenes også, så det vart første stopp i Finnmark. Overnatting i hytte.
Ein kjapp tur til Russe-grensa før kursen vart lagt vestover mot målet.

 

 

 

 

 

 

 

 

I knivsmia i Karasjok vart det sameknivar på alle mann. 




















Turen gjekk vidare til Nordkapp. Nydeleg ver utover mot platået, men siste stykke var, som vanleg på dei kantar, i tett tåke.
Vi var på Nordkapp eit par timar for deretter å returnere til hytte på Naf Camping Nordkapp.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Turen sørover vart lagt via E6. Kun ein omveg via ferjer i Lyngen  for å få ein sving innom Tromsø.  Hytteovernatting i Tromsø og lavvo igjen ved Fauske og Grong.

Siste natt vart i hytte i Vågå.

Heile rundturen gjekk i flott ver, men til tider kalde netter. Kun enkelte små regnbyger som vi for gjennom på minuttar eller vegen gjekk utanom. Lengste byge var siste dag frå Vågå og eit stykke opp Bøverdalen. Regndressen var med, men ikkje i bruk på turen.

Turen vart avslutta 9. aug. I løpet av desse 10 dagane rulla vi vel 5000 km.