Kven er vi og kva driv vi med?
Sunnfjord MC touring vart danna i 1992 og er ein klubb for motorsyklistar i Sunnfjord.
Klubben har medlemsmøte på Førde Kroa kl 20.00 fyrste onsdag i månaden frå oktober til april, og kl 19:00 fyrste og tredje onsdag frå mai til september.
På medlemsmøta kan du møte andre til sosialt samver, diskutere aktuelle saker, få tips om smått og stort som er aktuelt for oss MC-entusiastar, eller delta på temamøter om td trafikktryggleik. I Sunnfjord MC-Touring kan du kome saman med andre MC-interesserte i eit humørfylt, roleg og uhøgtideleg miljø. Det vert stilt få krav til medlemane. Likevel ynskjer vi at dei som er med i klubben er engasjerte, interesserte og villege til å ta i eit tak for klubben når det er behov for det.
Fleire i Sunnfjord MC touring køyrer på ulike treff kvar sommar, og/eller reiser på MC ferie i inn- og utland. Vi samlast til både planlagde og spontane kvelds-, dags- og helgeturar.
Sunnfjord MC touring har to typar medlemsskap: A-medlem kr 200,- og B-medlem (familemedlem) kr. 100,-Ynskjer du å melde deg inn i klubben, så send oss ein epost eller bruk "snail mail" til:
Sunnfjord MC touring, Postboks 589, 6801 FØRDE